Fakta om Oddvar Nes
- Fødd 27. desember i 1938 i Volda, død 18. september 2016.
- Etter militærtenesta reiste Oddvar Nes til Universitetet i Bergen (UiB) for å studere filologi. Der tok han magistergraden i germansk språkvitskap i 1968. UiB vart arbeidsstaden hans i heile 44 år, til han var 70.
- Etter eit år som universitetsstipendiat vart Nes frå 1969 tilsett som amanuensis ved Nordisk institutt (frå 1973 førsteamanuensis) med særleg ansvar for stadnamnsamlinga. Frå 1987 til 2008 var han professor i nordisk språkvitskap.
- Oddvar Nes var ein framifrå fagmann på mange område innanfor faget nordisk. Mest kjend er han likevel som namnegranskar, med vekt på stadnamn.
- Dialektologi og bibliografi var andre fagområde som Nes var oppteken av. I 1987 gav han ut Norsk dialektbibliografi (387 sider), som han arbeidde med i tjue år.
- I 1991 skipa han, saman med Jarle Bondevik og Terje Aarset, Ivar Aasen-selskapet. Det skulle ha til oppgåve å gje ut etterlatne manuskript etter Ivar Aasen (serie A) og avhandlingar om Aasen og verket hans (serie B). Serie A kom ut med 10 band frå 1992 til 2006 (om lag 2500 sider).